Alle barn og unge skal kunne delta jamleg i minst ein organisert fritidsaktivitet i lag med andre. Det er visjonen i Fritidserklæringa Vestland.
Fritidserklæringa byggjer på barnekonvensjonen til FN, artikkel 31, som seier at barn har rett til kvile, fritid og leik, og til å ta del i kunst og kulturliv.
Tretten offentlege og frivillige organisasjonar signerte fritidserklæringa under frivilligkonferansen i Bergen 28. september 2024. Der deltok også kultur- og likestillingsminister, Lubna Jaffery, som håpar fleire fylke følgjer Vestland.
– Vi vil at alle barn og unge i heile landet skal ha høve til å vere med i kultur- og idrettsaktivitetar. Difor har eg lyst til å skryte av Vestland fylkeskommune som no går føre som landets første fylke med ei eiga fritidserklæring. Vi veit at avtalar om korleis ulike aktørar kan jobbe saman, med klare mål, bidreg til betre samarbeid for å få fleire med. Dette teiknar godt for barna og ungdomane i fylket her, og eg håpar fleire følgjer etter, sa Jaffery.
Vestland Idrettskrets er blant dei som har signert Fritiderklæringa Vestland. Leiar i ungdomsutvalet og styremedlem i idrettskretsen, Magnus Hesjedal Hartwig, er oppteken av at erklæringa skal styrke deltaking og engasjement.
– Fritidserklæringa fremjar barn og unge sin rett til fritid og aktivitet i trygge og sosiale miljø, og bidreg til at alle kan delta, uavhengig av bakgrunn. Erklæringa er viktig for frivilligheita gjennom å styrke deltaking og engasjement i lokale og regionale aktivitetar og organisasjonar, seier han.
Gjennom fritidserklæringa har organisasjonane blant anna forplikta seg til å jobbe for at fritidsaktivitetar skal vere opne, trygge og inkluderande, og at fleire arenaer skal vere universelt utforma. Andre mål i erklæringa er å fjerne både fysiske og psykiske barrierar for deltaking, og sikre at barn og unge får seie meininga si i utviklinga av fritidsfeltet.
– No har vi erklæringa på plass, og det skal vi vere stolte av. Men det er jo no jobben byrjar. Eg er særleg oppteken av at vi må sørgje for å halde kostnadane nede. Økonomi skal ikkje hindre barn og unge å få delta i fritidsaktivitetar. Låge kostnadar er ein nøkkel for inkludering og integrering, seier fylkesvaraordførar Stian Davies, som signerte erklæringa på vegne av Vestland fylkeskommune.
Fritidserklæringa Vestland er utarbeidd av ei arbeidsgruppe med representantar frå Vestland ungdomsutval, Vestland idrettskrets, Vestland frivilligsentralar, ALLEMED og Vestland fylkeskommune. Samarbeidskomiteen for frivilligheit i Vestland har vore referansegruppe i arbeidet.